Dagbladet, Denmark, 28.March, 1999
Hartvig Sætra pensjonert lektor og frilansjournalist
DET er oppsiktsvekkande at den
aktuelle grunnlovsparagrafen har eksistert sidan 1849, og først blir brukt 150
år etter vedtaket. Nesten ufatteleg er det når det nettopp er Tvind som nyt
godt av Høgsteretts overprøving. For denne loven var opphavleg ei konservativ
merkesak. Siste gong det var aktuelt å bruke loven, var mot jordreforma etter første
verdskrigen. Og da var det oppheving av adelsprivilegia på landsbygda som var
tema. Men den gongen var stemninga rundt i Europa revolusjonær, og
Sovjetsamveldet var under etablering. Derfor torde ikkje Høgsterett bruke
paragrafen for å beskytte jordeigarane, og dermed kunne husmennene få billeg
jord.
Gjennom historia har dei konservative og Venstre (som i Danmark heller mot
Hagens liberalistar!) stadig hindra at paragrafen vart fjerna. Ettersom det var
desse partia som sto sterkast på for å få ein særlov mot Tvind, møter dei
seg sjølve i døra med eit brak.
Skolen i Tvind var opphavleg ein sterkt økopolitisk prega folkehøgskole,
som seinare kom til å gli over i ei radikal marxistisk retning. Dei har utvikla
ein spesiell pedagogikk, som det står strid om, også blant marxistar.
Ein hovudpilar er at elevane reiser ei tid til u-landa og arbeider der. Dei
har ein eigen organisasjon, U-landshjelp fra folk til folk (UFF), som samlar inn
pengar, klede og anna utstyr. Tvind-konsernet har hatt ein utløpar i vårt land
ved Hornsjø folkehøgskole i Hedmark, og UFF er aktive også hos oss. Både i
Danmark og Noreg har det vore harde medie-kampanjar mot Tvind, og skuldingane om
juks med offentlege og innsamla midlar har vore mange. Men når sakene skulle prøvast
for retten, klarte Tvind nesten alltid å gå fri.
Dette førte til frustrasjon både på høgresida og langt inn mot sentrum,
og undervisningsminister Ole Vig Jensen frå Radikale Venstre lanserte ein «særlov»
som skulle fjerne dei normale offentlege tilskota til Tvind. Loven vart vedtatt
med stort fleirtal av Fremskridtspartiet, Konservative, CD, og det store
fleirtalet av Sosialdemokratiet og Venstre. SF var typisk nok ganske vinglande,
men stemte til slutt mot. Enhedslisten, ei samling av DKP og andre mindre
venstregrupperingar, var dei einaste som var konsekvent imot.
«Tvind-loven» stiller ein bestemt, venstreorientert livssynsskole utanfor
det liberale systemet for privatskolar som Danmark er kjent for. Loven
diskriminerer derfor på klart politisk grunnlag.
Det er denne loven dansk høgsterett nå har forkasta. Og det har skjedd
einstemmig av 11 dommarar! Det hører også med til historia at den tidlegare så
sterke Tvind-kritikaren Hardy Hansen - «Danmarks Aspengren» - har moderert
sine synsmåtar sterkt etter at han kom med i ei granskingsgruppe for Tvind.
Folketingets fleirtal har seg sjølv å takke for dette, seier professor
Krag-Jespersen frå Århus. «Efter 150 år efterleves Grundloven plutselig. At
den er kommet til live igjen, skyldes dels afsmitning af de senere års
fokusering på menneskerettigheterne og begrepet «fair trail» (rettferdig
vegval), og dels Højesterets sammensætning».
Enhedslisten kan nå dele triumfen med ei gruppe venstreorienterte advokatar,
som heile tida sto hardt på at loven var grunnlovsstridig. Dansk høgsterett
har akseptert deira argumentasjon fullt ut. Dei partia som representerer 80% av
danske veljarar, har fått sin lengste nase på mange tiår. Og det av noko så
(verdi)konservativt som Højesteræt! Avgjerda inneber sjølvsagt også store
erstatningsbeløp til Tvind.
Det er all grunn til å stille spørsmål om dette kunne skje i Noreg. Pax
Leksikon seier om dette: «Det må antas at det er en del av norsk
statsforfatning at domstolene kan prøve om lover er grunnlovsstridige. Men spørsmålet
kommer sjelden opp, og domstolene har etter 1918 vært meget forsiktige med å
sette lover til side på dette grunnlaget.»
Dette betyr jo at spørsmålet like gjerne kan dukke opp i Noreg som i
Danmark. Fordi om denne lovheimelen ikkje er brukt sidan 1918 i vårt land,
viser Danmarks eksempel at det slett ikkje er nokon garanti, berre det byr seg
ei sak som er alvorleg nok.
Og her i landet har vi faktisk ei sak som er klar kandidat til å bli prøvd
av Høgsterett: Samerettsutvalets innstilling. Det kan vere interessant å
fundere over dette akkurat nå, da høringsfristen for innstillinga nyleg har gått
ut, og vi har fått mildt sagt svært sprikande utsegner, der klare
ytterstandpunkt er i fleirtal.
Vi veit at eit nokså samla juridisk miljø meiner at Samerettsutvalets
fleirtalsqinnstilling ikkje går langt nok i å tilbakeføre samiske rettar til
urbefolkninga, slik både Grunnloven og internasjonal rett krev. Det held ikkje
å lage eit organ som har fordelinga fire samiske mot fire norske representantar.
Når det gjeld samiske kjerneområde, strir dette både mot Grunnloven og mot
norsk ratifikasjon av ILO-konvensjon 169.
Desse synspunkta er hevda både sterkt og vedvarande av sentrale personar i vårt
juridiske miljø. Dei første som kom ut, sterkt og einstemmig, var Regjeringas
folkerettsgruppe for samiske rettighetsspørsmål under professor Jens Edvin
Skoghøy (1996). Professor, seinare høgsterettsjustitiarius Carsten Smith har både
i Samtiden (1992) og seinare i foredrag for Sametinget uttalt seg like
krystallklart. Seinast like før høringsrunden gjekk ut 1. mars 1999 har fleire
juridiske høringsinstansar uttalt seg eintydig for at ILO-konvensjonen krev
samisk råderett over Indre Finnmark. Som vi ser, har fleirtalet i det juridiske
miljøet i Noreg uttalt seg langt sterkare i denne saka enn det juridiske miljøet
i Danmark gjorde før folketingsvedtaket og høgsterettsdommen om Tvind. Dermed
ligg alt til rette for at Høgsterett kan komme til å forkaste ein eventuell
lov om retten til land og vatn, når denne blir vedtatt om to år, dersom
samiske rettar ikkje er skikkeleg ivaretatt.
Går vi frå det juridiske til det politiske miljøet, er likskapen med det
danske tilfellet formidabel: I norsk parlamentarisk politikk blir det juridiske
miljøets syn berre støtta av den største samiske organisasjonen, NSR, som har
fleirtal i Sametinget. Ingen av stortingspartia støttar dette, men NKP og RV
har i lang tid hatt samme syn som den juridiske ekspertisen. Høgsterett står
altså heilt klart på samme linje som det såkalla «ytterste venstre»,
akkurat som i Danmark!
Det er ennå ikkje avgjort kvar SV går. Men vi veit at det er to fløyar i
partiet, som representerer kvart sitt ytterpunkt: Eit «ytre høgre»-standpunkt
ved Ballo, som står for typiske Frp-synsmåtar, og har ei viss, valen
oppbakking av høgresida i partiet sentralt. Denne fløya står steilt mot SVs
samepolitiske utval under leiing av den samiske juristen Henry Minde. Dersom SV
landar på Minde-utvalets linje, kan partiet kanskje kassere inn ein liknande
triumf som den danske Enhedslisten. Men dersom det går slik som det ser ut til
akkurat nå, vil partiet lande ein plass nærmare Ballo. Da kan dei oppleve den
forsmedelsen at dei to småpartia til venstre står igjen med triumfen, mens SV
må dele skamma med H og Frp!
Underskrivne er berre ein interessert amatør innanfor jussen, så eg må
lite på oppslagsverk. Ut frå dei ser det ikkje ut til å vere noko hinder for
at norsk høgsterett følgjer samme prosedyre som dansk.
Ein anna sak er jo at sjølv om Høgsterett har svært gode grunnar til å
forkaste ein lov, skal det mykje til for å ignorere ei folkevald
nasjonalforsamling. Vel å merke når det gjeld saker med klar innanrikspolitisk
profil, der det ikkje er snakk om ein muleg konflikt med internasjonale
menneskerettskonvensjonar.
I fall det etter rettens oppfatning ligg føre ein slik konflikt, er det
oppstått ein heilt ny situasjon, som stiller Høgsteretts grunnlovsvern på ei
ny og ukjent prøve. Dette kan vere det overordna omsynet som utløyser eit
liknande konstitusjonelt paradoks som i Danmark.